Fjellturar og naturstiar

Balestrand har eit godt, variert og vel merka turløypenett der dei aller fleste vil finna eit passande alternativ. Nokre av stiane er informasjonsløyper der ein kan lesa om naturen og dyra som lever her. Løypene er også godt tilrettelagt med utsiktspunkt, benkar og bålplassar. Mange er tilgjengelege frå Balestrand sentrum, men det er også eit godt tilbod nær dei fleste overnattingsplassane i heile kommunen.

Anbefalte og godt merka turar:

Frå sentrum:

Naturstien 0 - 150 m.o.h., ca 5 km, passer dei fleste

Til Raudmelen (0-978 m.o.h.) via Orrabenken (370 m.o.h.) og Bruråsi (575 m.o.h.), for dei i god form.

Til Bruhjel: 0- 600 m.o.h.

Frå Dragsvik (9km frå sentrum):

Klibberg natursti (familievenleg)

Til Tjuatoten: 50 - 1098 m.o.h.

Familievenlege turar tilgjengeleg med bil:

Saurdalen (ca 15 km frå sentrum)

Fossestien (ca 45 km frå sentrum)

Populære toppturar (krevjande): Alle turane startar 0-50 m.o.h

Raudmelen (978m.o.h.)

Tjuatoten (1098 m.o.h.)

Haravollnipa (1405 m.o.h.)

Vindreken (1273 m.o.h.)

Sjå også:

www.turistforeningen.no/sognogfjordane/group.php?gr_id=355

http://www.sognekart.no/

http://www.geoatlas.no/

For meir informasjon og kart; kontakt Balestrand turistinformasjon



«« Tilbake