Arboreet på Lunde

Arboretet på Lunde ligg på den nordre sida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Hagen er tilknytta prestegarden på Tjugum og ligg på nedsida av riksveg 55. Arboretet har i dag eit areal på til saman 18 dekar i eit område som strekkjer seg frå riksvegen til sjøen, unnateke det private arealet tilhøyrande prestebustaden. Det har som mål å bidra til auka kunnskap om og interesse for botanikk, dendrologi og hagebruk. Det skal dessutan formidla informasjon om plantesamlingane for publikum. Parkeringsplass med tilhøyrande toalettbygg, sti som er handicap-tilpassa, samt nyskilting av dei store trea har gjort samlingane meir tilgjengelege for den besøkjande. Den lokale velforeininga har på dugnadsbasis laga eit flott bade- og grillområde ved sjøen 

I dag finst det om lag 150 artar av tre og busker frå heile verda ved arboretet. Plantesamlingane er ikkje ordna systematisk etter familiar og slekter slik det ofte er vanleg i arboret og botaniske hagar, men etter geografisk tilknyting. Nord-, Mellom- og Sør-Europa, Kaukasus, Himalaya, Kina, Korea, Japan, Australia, New Zealand, Nord- og Sør-Amerika. Fire av artane er målte til å vera dei største i verda på same breiddegrad. Dei er alle frå prost Jacob Sverdrup, grunnleggaren av arboreet, sin tid, og er blant dei eldste og største i Noreg. Det mest forunderlege med desse gamle kjempene er at dei trivst her på 61° 15' Nord og 40° 9' Aust, ikkje langt frå Jostedalsbreen, Nord Europas største isbre.

Flott sykkeltur frå sentrum

Eiga brosjyre på Balestrand Turistkontor



«« Tilbake